Studentar byggjer autonom båt for å bekjempe plastforureining på havbotn

Sju masterstudentar frå NTNU går nye vegar i kampen mot plastforureining. For å handtere den skjulte forureininga på havbotnen, byggjer dei ein sjølvstyrt katamaran med gjenbrukte materialer frå Brødrene Aa.

Med prosjektet Plan Sea vil dei vise korleis gjenbruk av ressursar og avansert teknologi kan bidra til eit reinare hav.

– I dag er det mest fokus på å plukke plast frå elver, havoverflater og strender, men forsking syner at heile 70-90% av plastavfallet hamnar på havbotn. Her frigjer det mikro- og nanoplast som kan skade både hav og menneske, forklarer Magnus Weidemann.

Deltakarane i prosjekt Plan Sea på besøk hos Brødrene Aa i Hyen. Magnus Weidemann til venstre og Magnus Kjørseng til høgre.

Frå skisse til sjøsetting

Saman med sine medstudentar på masterprogramma «System- og produktdesign» og «Skipsdesign» ved NTNU i Ålesund, starta han hausten 2023 arbeidet med å planlegge fartøyet.

– Valget fall på å byggje ein katamaran, designa for å gi stabilitet i sjøen. Den vil bli utstyrt med en ROV (fjernstyrt undervannsfartøy) som kan senkast og hevast for å plukke plastavfall frå havbotn ved hjelp av ei korg. Målet er å gjere fartøyet så autonomt som mogleg, styrt via kommunikasjon fra land eller ein sentral, forklarar Weidemann.

Fekk invitasjon frå Brødrene Aa

Dei første skissene tok utgangspunkt i å bygge båten aluminium, men då ein tidlegare klassekamerat frå Brødrene Aa fekk nyss om prosjektet blei det endring i planane.

– Han meinte kompositt ville vere eit betre materiale for prosjektet vårt, forklarer medstudent Magnus Kjørseng.

Kompositt er vesentleg lettare enn både stål og aluminum, noko som forenklar både design og sjølve byggjeprosessen.

– Det har vore ei draumeoppleving å kunne jobbe med kompositt i staden for metall. Vi har ikkje sveisekompetanse, men no kan vi sjølve gjere arbeidet med epoxy og lim. I tillegg har det stor påverknad på sjølve oppdrifta og lastekapasiteten.

Praktisk erfaring fra industrien

For å lære meir om komposittmaterialet, besøkte studentene Brødrene Aa sitt verft i Eikefjord og Hyen. Der fekk dei opplæring i korleis ein handterer og arbeider med kompositt - ei erfaring som i følgje studentane har vore uvurderleg for prosjektet.

– Brødrene Aa har vore utruleg hjelpsame. Gjennom sitt kvalitetsarbeid har dei vist seg kunnskapsrike og då vi kom dit fikk vi full pakke med både omvisning og opplæring, fortel Weidmann.

Hjå Brødrene Aa fekk studentane henta ut komposittplater frå skroget til MS Baronessen. Eit fartøy som det siste året har vore inne på verftet for å forlenge både skrog og levetid.

– Det har gitt prosjektet vårt materialer av svært høg kvalitet, seier Weidemann.

Hos Brødrene Aa fekk studentane bryne seg på oppgåver som gav dei praktisk kunnskap om materialet kompositt.

Å byggje fartøyet i kompositt krev i motsetnad til stål ingen kunnskap om sveising. Det gjer det mogleg for studentane å utføre heile prosessen på eige campus.

Innovasjon til inspirasjon

Målet er å lansere ein prototype av det autonome fartøyet før jul. Katamaranen vil då gå i pilot utanfor Mørekysten, eit av dei mest forureina områda i Norge.

– Vi ser på dette som et viktig bidrag til å handtere plastproblemet i havet, spesielt med tanke på at mesteparten av avfallet ikkje er det me ser, men ligg skjult på botn.

Tett samarbeid med næringslivet

Prosjektet har fått stor støtte fra fleire aktører i industrien, inkludert Kongsberg Maritime, Ocean Front og Kystdirektoratet.

– Vi har fått kjempepositive tilbakemeldingar frå bedrifter og selskap som engasjerer seg både gjennom materiell og kunnskapsdeling.

– Forureining på havbotn er ein problematikk som tidligere har vore vanskeleg å handtere, grunna djubden og dei krevende forholda nede i mørket. Gjennom dette prosjektet håper vi å inspirere andre til å ta tak i denne utfordringa, sier Kjærseng.

Prosjektet har sikra avkappet frå MS Baronessen eit nytt liv ved NTNU Ålesund - og seinare på bølgjene langs Mørekysten.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Previous
Previous

Innovasjon møter gjenbruk - slik fekk MS Baronessen fornya kraft og kapasitet

Next
Next

Hurtigbåten «MS Bre» skal operere i to viktige roller for Brim Explorer og Norled i Bodø