Hurtigbåten «MS Bre» skal operere i to viktige roller for Brim Explorer og Norled i Bodø 

Den nye hybrid-elektriske karbonfiberbåten skal brukast både som sightseeingbåt og som reservefartøy på sambandet Bodø-Væran og Bodø-Gildeskål

– Å balansere komfort og utsikt for passasjerane på sightseeing, samtidig som fartøyet oppfyller høg fart og effektivitet i hurtigbåtsamband, har stilt store krav til design og ingeniørkompetanse.

Det seier, Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa.

Testa kompetanse og kreativitet

Aa fortel at det har vore utfordrande å bygge eit fartøy som skal operere i to vidt forskjellige roller.  

– Gjennom tett samarbeid med kundane, Brim Explorer og Norled, samt Sjøfartsdirektoratet og klasseselskapet Bureau Veritas, har vi klart å finne løysingar som oppfyller alle krav. Dette prosjektet har verkeleg testa vår kompetanse og kreativitet, men resultatet viser kva vi er i stand til å oppnå gjennom samarbeid og høg teknisk ekspertise.

I tillegg til å vere sightseeingbåt er «MS Bre» reservebåt for Norled i rutene til Gildeskål og Væran.

«MS Bre» sin dobbeltfunksjon vil vere berekraftig både kva gjeld økonomi og miljø. Foto: Brødrene Aa/Romvesen. 

Skreddarsydd fartøy

MS Bre er designa som eit moderne og universelt utforma fartøy med god passasjerkomfort og panoramavindauge for optimal utsikt under sightseeng-operasjonar.

– Samtidig har fartøyet praktiske løsninger som kran og lasterom for å kunne frakte både gods og passasjerer i hurtigbåtrutene ut fra Bodø, forklarer Aa.

– Skroget er utvikla av  Wave Propulsion. Undervannslinjene er dei same som på tidlegare Brim-båtar, men her er skroget tilpassa tøffare sjøforhold med nytt baug-design og høgare fribordshøgde.

Fartøyet har batterikapasitet på 1,1MWh og 2x1000kW elektriske motorar fra Brim Tech. I tillegg er det installert rekkeviddeforlengere av typen Scania DI16.

Brim Tech- elektromotorar

Dei elektriske framdriftsmotorane i «MS Bre» er utvikla av dotterselskapet til Brim Explorer; Brim Tech. Selskapet skildrar teknologien som banebrytande i effektivitet og vekt, to essensielle parameter for å oppnå elektrifisering av hurtigbåtar.

– Elektromotorane gir 1000 kw direkte kopla til probellakslingane utan gir. Det gir lågare vekt, høgare fart og lengre rekkevidde enn samanliknbare løysingar. I tillegg er motorløysinga tilnærma vedlikehaldsfri, noko som gir vesentleg rimelegare drift, uttalar Espen Larsen-Hakkebo, teknisk sjef i Brim Explorer til Skipsrevyen.

“MS Bre” er det femte og teknologisk mest avanserte fartøyet til Brim Explorer. Skipet har heimehavn i Bodø, der det blei døypt av Halfdan Sivertsen 17.august.

 

Tekniske fakta om «MS Bre»

  • Passasjerkapasitet: 130 pax

  • Lengde i vannlinje: 23,9 m

  • Toppfart: 30 knop

  • Sertifisert som hurtigbåt etter HSC koden med Klasse fra Beurau Veritas.

  • Innovativt elektrisk framdriftssystem med elektrisk high-torque motor fra Brim-tech.

  • Batterikapasitet: 1,1MWh

  • Elektrisk Integrator: Haf Power Solutions AS

  • Skrogdesign er utviklet av Wave Propulsion

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Previous
Previous

Studentar byggjer autonom båt for å bekjempe plastforureining på havbotn

Next
Next

– Får heile tida utforda meg på spennande prosjekt