– Får heile tida utforda meg på spennande prosjekt
Då Signe Ferner Kjøpsnes starta som ingeniør for bærekraft og kvalitet i Brødrene Aa var det med ei brennande interesse for teknologi og utvikling, men utan kjennskap til den maritime bransjen.
Ei praktisk tilnærming til faget har resultert i rask læring for den nyutdanna ingeniøren, som allereie har stige i gradene.
– Noko av det kjekkaste med å jobbe i Brødrene Aa er å sjå korleis prosessane heng saman i praksis. Her kjem eg tett på heile arbeidet med å byggje ein båt, frå skisse til sjøsetting. Frå kontoret er det berre ein liten tur gjennom gangen, så er eg i produksjonshallen. Det gir meg nær tilknyting til det praktiske arbeidet som blir gjort.
Etter berre månader i jobben som kvalitetsingeniør, kan ho i tillegg skilte med ansvaret for testing på verftet.
– Arbeidet omfattar testing og godkjenning av fartøy før levering, samt å sikre riktig dokumentasjon i sluttfasen. Det er veldig spesielt å oppleve båten køyre på sjøen for eiga maskin for første gong. Etter grundige testar på vatnet med både kunde, klasseselskap og Sjøfartsdirektoratet, sikrar mine dyktige kollegaer at alle system fungerer som dei skal. Når båten til slutt bli overlevert til kunde veit eg at vi har gjort ein god og grundig jobb.
Gode på kunnskapsdeling
Ho meiner det å ha heile verdikjeda i eige hus gir stor meirverdi.
– Å følgje produksjonen så tett, frå støyping av skrog til jamlege inspeksjonar kjem godt med i kvalitetsarbeidet. Det gir stor verdi å forstå prosessen og utfordringane som ligg i dei ulike stega. Eg har dessutan blitt møtt av dyktige kollegaer som raust deler av verdifull kunnskap og erfaring på sine fagfelt.
Starta eige robotikklag
Den unge ingeniøren peila seg tidleg inn på riktig kurs. På vidaregåande starta ho eige robotikklag, som bygde robotar og konkurrerte rundt om i verda. Vidare tok interessa for teknologi ho til ingeniørstudiet i Fornybar energi i Ålesund.
– Eg valte å spesialisere meg i retning maritim energi, og var på utkikk etter jobb då eg kom over ei stillingsutlysning frå Brødrene Aa.
Den maritime bransjen si satsing på elektrifisering var noko ho ville være med på og lære meir om.
– At Brødrene Aa i tillegg viste stor breidde i sin kompetanse og peika seg ut som ein framoverlent aktør kva gjaldt teknologi, gjorde det heile veldig spennande, forklarer Kjøpsnes.
– Positive og særeigne utfordringar
Etter første halvår i Brødrene Aa har ho blitt godt kjent med ein bransje i rask utvikling.
– Eg visste ikkje så mykje om båtar og systema om bord då eg først kom hit, men skjøna raskt at dette var ein arbeidsplass som ville gi meg stort rom for fagleg utvikling. Her er det mange spennande prosjekt med særeigne og positive utfordringar, og dyktige kollegaer som står klare til å snu seg raskt.
– Kva er dine ambisjonar for arbeidet vidare?
– Målet framover er å bli enda betre på teknologi og bruk av data som me samlar opp under testinga. Ingen båtar vi byggjer er like, så det er viktig å bygge erfaring basert på større datagrunnlag, slik at vi kan halde fram å lage hurtigbåtar av høgast mogleg kvalitet. Det blir også spennande å følgje elektrifiseringa av fartøy, med alt av tryggleiksspørsmål og regelverksendringar dette fører med seg.