Gloppenmodellen gav Malek og Okubay meirsmak på båtfaget

Okubay ved ein av dei mange båtane på arbeidsplassen sin. Foto: Ann Iren Festersvoll

Malek Shubat drøymde om å jobbe med IT, men fekk eit unikt tilbod med læretid hjå Brødrene Aa. Gjennom læretida blei han svært glad i båtfaget og sikra seg fast jobb.

– Eg trivest veldig godt her og lærer nye ting kvar dag. No er eg ikkje i tvil om at det er dette eg vil jobbe med, forklarer Malek Shubat.

Shubat budde i Sogndal og drøymde om å jobbe med data, men då Gloppen kommune tilbaud han studieplass gjekk reisa til Sandane og Brødrene Aa. Gjennom Gloppenmodellen har han fått utdanning og læretid i polymerkomposittfaget som ein del av integreringsløpet.

Bratt læringskurve

Hensikten med modellen er å gi minoritetsspråklege eit utdanningsløp som kombinerer teori og praksis med språktrening.

– I starten var det mykje fagspråk, i ei blanding av norsk og engelsk. No er eg tryggare i både språket og jobben, har fått gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø, seier Shubat.

Han er dessutan klar på at polymerkomposittfaget er eit framtidsretta val.

– Elektriske båtar er framtida, og lettare båtar er bra for miljøet, det er eit stort konkurransefortrinn å byggje på denne måten.

Også Okubay Yemane har gjort seg gode erfaringar i læretida.

– Eg likar veldig godt å jobbe hjå Brødrene Aa. Om moglegheita opnar seg, er dette eit fag eg gjerne kunne tenkje meg å jobbe med framover.

Etter endt læretid har dei begge takka ja til fast arbeid i Brødrene Aa.

To flinke karar

For å lukkast med å levere kvalitetsfartøy treng Brødrene Aa motiverte, engasjerte og dyktige medarbeidarar. Integrering er derfor meir enn berre eit sosialt ansvar; det er ein nødvendigheit for å ha tilgang til arbeidskraft.

Yrkesopplæringssjef og kvalitetskontroller, Magnar Støyva, rettleia dei to lærlingane mot fagbrev. Han har berre godord å dele.

– Vi har fått to flinke og lærevillige karar i hus, som begge viser god evne til å arbeide sjølvstendig, forklarer Støya.

Medan elevar i vanleg utdanningsløp går i praksis etter to år, får deltakarane i Gloppenmodellen praksis allereie i første studieår. Målet er å stimulere til språklæring parallelt med fag.

– Malek og Okubay har teke både fag og språk veldig fort. Dei har kome godt inn i miljøet og er godt likte blant sine kollegaer.  

– Eit veldig godt samarbeid

Prosjektleiar for Gloppenmodellen og fagleiar i flyktningstenesta i Gloppen, Ann Iren Festervoll, meiner samarbeidet med Brødrene Aa har fungert godt frå start av.

– Vi opplever Brødrene Aa som veldig samfunnsengasjerte. Dei ser større på situasjonen enn berre dei pålagte oppgåvene sine, ved å vise fleksibilitet og sjå verdien av å ha tilsette som har det godt og trivest også utanfor jobb, forklarar Festervoll, og føyer til;

– Dei er rett og slett villige til å yte det vesle ekstra for at folk skal få ei god utdanning.

Ein vinn-vinn situasjon

Gloppenmodellen starta som eit tiltak retta inn mot helsefag, men har utvida seg i takt med behovet for arbeidskraft i ulike bransjar.

– Såleis skapar me ein vinn-vinn situasjon, der me utdannar kompetansen som faktisk er etterspurd, seier Fostervoll. 

Ho understrekar at innpass i arbeidslivet, ofte har verdi langt utover sjølve jobben.

– Det ligg mykje identitet og stoltheit knytt til det å vere ein del av eit arbeidsmiljø. Det gler oss når våre samarbeidspartnerar lukkast med det sosiale så vel som det faglege, slik me ser hjå Brødrene Aa.

 

Rektor Hallgeir Hansen.

– Eit svært meiningsfullt arbeid

Rektor ved Firda vidaregåande skule, Hallgeir Hansen, fortel at Brødrene Aa er første private bedrift dei samarbeider med i Gloppenmodellen.

– Vi var veldig spente. I polymerkomposittfaget har ikkje skulen eigen verkstad eller maskiner til disposisjon for elevane. Difor var vi avhengige av eit ekstra tett samarbeid med Brødrene Aa.

Dei teoretiske fellesfaga har blitt gjennomført på Firda, medan all praksis er lagt til Brødrene Aa.

– Det har fungert heilt glimrande, fortel Hansen engasjert.

 

– Stiller opp for kvarandre

– Alle partar skildrar dette som eit svært velluka samarbeid, kva tenkjer du har vore suksessfaktoren?

– Det tenkjer eg ligg i at alle partar har synt stor vilje fil å finne løysingar. Folk har engasjert seg i alle ledd, med eit genuint ønskje om å få det til. Brødrene Aa er dessutan ei lokal bedrift som vi ønskjer at skal ha gode vilkår og arbeidsfolk - og vi opplever at dei unner oss å lukkast.

Hansen viser til at det vert lagt opp til 14 dagar praksis hjå samarbeidsbedriftene i framkant av studieløpet.

– Eg opplever det som veldig positivt at elevane får danna seg eit inntrykk av kva dei har i vente. I tillegg jobbar NAV og flyktningstenesta grundig i rekrutteringsfasen med å finne motiverte deltakarar.

Han ser ikkje vekk frå at Brødrene Aa kan bli involverte i fleire utdanningsløp framover.

– Dersom me ser eit kompetansebehov og har aktuelle deltakarar er me svært positive til det.

 

Dette er Gloppenmodellen:

-       Gloppen kommune har blitt ei nemning på ein fagutdanningsmodell for minoritetsspråklege som starta i Gloppen kommune hausten 2013.

-       Utdanninga kombinerer teori og praksis frå første studieår og det blir lagt stor vekt på språktrening i praksis.

-       Ein av fleire suksessfaktorar har vore at deltakarane er sikra lærlingplass frå dei startar på skule.

-       I 2019 starta arbeidet med utarbeide ei handbok og ein rettleiar for å sikre lik framgangsmåte og for å hjelpe andre som ønskjer å starte opp med liknande utdanningsløp.

 

Kilde: Gloppenmodellen.no

Gasta Design