Innovasjon møter gjenbruk - slik fekk MS Baronessen fornya kraft og kapasitet

I ei tid der berekraftige løysingar står høgt på dagsorden, er MS Baronessen eit levande bevis på korleis gjenbruk og innovasjon kan forlenge levetida til eksisterande fartøy.

Gjennom ei omfattande ombygging har Brødrene Aa gjeve MS Baronessen nytt liv som elektrisk hurtigbåt. Med oppgraderingar som møter framtida sine krav til miljø- og energieffektivitet, forlot den i haust verftet for å operere nye år i Oslofjorden.

– Det har vore eit stort prosjekt, som verfta våre har løyst i god dialog med Norled. Å forme og utvikle nyvinningar som dette, syner kva moglegheiter som ligg i å bygge om eksisterande fartøy.

Det seier Steffen Solheim Svarthumle, Site Manager for verftet i Eikefjord.

Forlenga skrog, forlenga liv

Forlenginga av skroget har vore ein sentral del av ombygginga. Ved å auke det med heile 10 meter, kan MS Baronessen stabilt handtere den ekstra vekta det utgjer å erstatte dieselmotoren med batteri.

– Vi har også bytta skrogdesign, frå semi-planande til skjærande skrog. Slik oppnår vi auka yting og energieffektivitet, forklarer Svarthumle.

 

Steffen Solheim Svarthumle, Site Manager for verftet i Eikefjord, har gjennom sitt kalkylearbeid hatt ei sentral rolle i ombygginga av MS Baronessen.

Prosjektet har også fokusert på gjenbruk av eksisterande materiale og komponentar.

– Gjennom heile prosessen har vi kartlagt kva utstyr vi kunne bruke opp att, reparere eller modifisere, for å begrense utskiftinga av dagens komponentar. Vi har gjort ein grundig innsats for å spore og gjenvinne alt metall og materiale frå MS Baronessen. Alt frå rustfrie rekkverk til aluminiumsrøyr har blitt vegd og kildesortert, for å sikre at materiala blir gjenvunne på ein berekraftig måte. Det har ikkje berre redusert kostandane, men vore eit viktig bidrag inn mot det grøne skiftet.

 

Interiøret i MS Baronessen før og etter ombygginga. Setene er trekt om og armlena oppgraderte.

 

Han viser til at den høge materialkvaliteten til karbonfibersandwich gjer den eigna til å handtere variert sjø - i fleire tiår.

– Prøvar frå belastingssoner på fartøy vi produserte i 2002, viser framleis ikkje teikn til svekkelse eller slitasje. Derfor kan fartøy som MS Baronessen ombyggast for å forlenge drifta med 10 år i same rute.

Teknologisk nyvinning med autonom batteribytterobot

Ein av dei mest spennande teknologiane som er implementert på MS Baronessen, er batteribyteroboten SHIFTR. Roboten gjer det mogleg å byte til fullada batteri på under 3 minutt, medan fartøyet ligg til kai. Det vil auke operasjonstida og redusere nedetid for lading.

– Shiftr-modulen markerer starten på ei ny tid for fleire fartøy. Løysinga viser korleis norsk maritim industri ligg i framkant når det gjeld berekraftige energiløysingar. MS Baronen og MS Baronessen er først ut i pilot, men vi planlegg å installere teknologien på fleire fartøy i tida framover.

Nyvinninga har fått stor internasjonal merksemd og blir rekna som ein viktig del av framtidas elektriske skipsfart.

Les også: Revolutionizing high-speed ferry operations with groundbreaking battery-swapping robot

 

Samarbeid med NTNU

Gjenbruk er ein sentral del av filosofien til Brødrene Aa, og i prosjektet med MS Baronessen har verftet samarbeidd tett med studentar frå NTNU. Gjennom Plan Sea-prosjektet fekk studentane tilgang til brukt komposittmateriale for å byggje ein autonom katamaran.

– Denne katamaranen skal bidra til å redusere plastforureining i havet. Slik unngår vi ikkje berre at eigne materiale går til spille, men vi får bidra til å gjere skilnad inn i arbeidet med miljøvern, forklarer Svarthumle.

Han rosar studentane, som på campus i Ålesund allereie er godt i gang med fartøyet.

 

Framtida for Baronessen

Svarthumle meiner MS Baronsessen representerer ein ny standard for korleis vi kan ta vare på eksisterande fartøy og forlenge levetida deira i staden for å byggje nytt.

– Med sin nye batteribytterobot og oppgradert skrog, er MS Baronessen blant dei første båtane som tek denne teknologien i bruk.

Brødrene Aa håpar at prosjektet kan inspirere fleire i industrien til å fokusere på gjenbruk og sirkulærøkonomi i framtidas skipsfart.

– Vi ser fram til å utvikle endå fleire framtidsretta løysingar saman med våre samarbeidspartnarar og kundar.

 
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Previous
Previous

Gloppenmodellen gav Malek og Okubay meirsmak på båtfaget

Next
Next

Revolutionizing high-speed ferry operations with groundbreaking battery-swapping robot