- Ein ny generasjon ambulansebåt

ambulansebåt rygermedic.jpg

Med topp moderne fasilitetar og ergonomiske løysingar, løftar Rygermedic ambulansetilbodet i Ryfylke til eit nytt nivå.

- Dette er ein ny generasjon ambulanse- og beredskapsbåt, som gir vesentleg betring av ambulansetilbodet i Ryfylke, forklarer Lars Rødne, dagleg leiar i det familiedrivne hurtigbåtrederiet Rødne.

Ny båt som del av kontrakta

Rødne Ambulanse blei i 2021 tildelt ein 6-årig kontrakt for ambulansebåtdrift til øyene i Ryfylkebassenget. Ein ny ambulansebåt skulle byggjast og rederiet gjekk då til verftet som har vore deira mangeårige samarbeidspartnar og leverandør av båtar innan fleire segment.

- For Rødne er det kjekt å sjå at 50 års samarbeid med Brødrene Aa igjen kan bere frukter og resultere i ytterlegare nyvinningar, forklarer Rødne.

Utan trapper, og med gode tekniske løysningar, skal den nye båten bidra til effektiv og rask handtering av pasientar – der liv og helse står på spel. Foto: Fredrik Ringe.

Utan trapper, og med gode tekniske løysningar, skal den nye båten bidra til effektiv og rask handtering av pasientar – i situasjonar der liv og helse står på spel. Foto: Fredrik Ringe.

BygD for rask respons

- Katamarandesignet gir ein stabil og stødig båt som er i stand til å respondere raskt på kritiske oppdrag og dekke store avstandar på kort tid. Den har godt med plass til eit romsleg ambulanserom, utstyrt med moderne medisinsk utstyr. Desse oppgraderingane ivaretek både våre tilsette og ambulansepersonellet på ein heilt ny måte.

Rusta til å bistå ved brann

Rygermedic operer i skjærgårdar med fleire hytter, mykje båttrafikk og småøyer utan infrastruktur. Som ekstra beredskap er den derfor rusta med vasskanon for brannsløkking, som kan sprute 2000 liter sjøvatn i minuttet.

- Den vil derfor vere «first responder» om den kjem til brannstaden før brannbåten. Dette er ei stor betring av brannberedskapen i Ryfylke og viser eit unikt samarbeid på tvers av blålysetatar.

Alle foto: Fredrik Ringe

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Previous
Previous

Pressemelding: Brødrene Aa med ny heilelektrisk leveranse

Next
Next

The newest delivery MS “Hollendaren” can carry a truck of 50 tonnes