Brødrene Aa er tildelt Villsauen for 2020

Tor Øyvind Aa (t.v) mottok prisen på vegne av Brødrene Aa. Her med prisutdelarane Marit Warncke, adm. direktør i Bergen Næringsråd og fylkesordfører Jon Askeland. Foto: Bergen Næringsråd.

Tor Øyvind Aa (t.v) mottok prisen på vegne av Brødrene Aa. Her med prisutdelarane Marit Warncke, adm. direktør i Bergen Næringsråd og fylkesordfører Jon Askeland. Foto: Bergen Næringsråd.

Brødrene Aa mottok i dag Vestlands internasjonaliseringspris Villsauen for 2020.

Tor Øyvind Aa (t.v) mottok prisen måndag denne veka. Foto: Bergen Næringsråd.

Tor Øyvind Aa (t.v) mottok prisen måndag denne veka. Foto: Bergen Næringsråd.

“Hjørnesteinsbedrifta i Hyen i Gloppen kommune er leiande i utvikling av lettvekt, lågutslepp og utsleppsfrie hurtigbåtar. Med sine 180 tilsette frå 12 ulike nasjonar og ein omsetnad på 403 millionar kroner er bedrifta ein hjørnestein i lokalsamfunnet. Til trass for at selskapet ligger i den vesle bygda Hyen med berre 600 innbyggjarar, har dei leiande industrikompetanse og representerer ein lang og stolt verftstradisjon i Vestland”  

Juryen dreg også fram verftet sin bruk av ressursar på utvikling og innovasjon, som ein grunn til at Brødrene Aa no er leiande i sitt segment globalt.

“Dei siste åra har selskapet fått internasjonal merksemd for skipa «Vision of the Fjords», som er verdas første hybridskip i hydrokarbon og «Future of the Fjords», som er heilelektrisk. Norsk verftsindustri opplever sterk internasjonal konkurranse, men juryen meiner at årets Villsau er eit svært godt eksempel på ei bedrift som har evne og vilje til å omstille seg til å vere konkurransedyktig” 

Etablert på den utanlandske marknaden

Den internasjonale prisen Villsauen delast i år ut for 18. gang, i eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Bergen Næringsråd. Formålet er å gi merksemd til innovative verksemder som etablerer seg i utanlandske marknader på permanent basis. 

- Vi takkar juryen, Vestland fylkeskommune og Bergen Næringsråd for prisen. Ein pris vi er veldig stolte over å få, og som inspirerer til å jobbe vidare med å få båtane våre ut på den internasjonale marknaden, meddeler Brødrene Aa.

Årets jury har bestått av fylkesordførar Jon Askeland, Per Øyvind Sævartveit (Tizir Titanim, prisvinner 2019), Nina Broch Mathisen (Innovasjon Norge), og Marit Warncke (Bergen Næringsråd). 


Tidligere vinnarar av Villsauen er:

  • 2019: Tizir aluminimum & iron 

  • 2018: Dirtybit 

  • 2017: Servogear 

  • 2016: Vimond Media Solutions 

  • 2015: ItsLearning 

  • 2014: StormGeo 

  • 2013: ClampOn 

  • 2012: Solberg Scandinavian 

  • 2011: Fjord Tours 

  • 2010: Janus 

  • 2009: Aanderaa Instruments 

  • 2008: Wema Systems PRESSEMELDING VILLSAUEN 2020 

  • 2007: TTS Marine 

  • 2006: Lerøy Seafood Group 

  • 2005: Vizrt 

  • 2004: Framo Engineering 

  • 2003: Mecmar 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Previous
Previous

The newest delivery MS “Hollendaren” can carry a truck of 50 tonnes

Next
Next

Sterke nordlandskvinner i tøft farvatn